Uredd fotografering

Førre helg vart det arrangert samling på CrossFit Bryggen med foredrag og trening for jenter som trenar CrossFit.​ Arrangementet som er døypt "UREDD", var fullteikna med 50 deltakarar, og eg hadde fått i oppdrag å fotografere frå start til slutt. Dagen vart både kjekk og minnerik, og det vart nokre bilete.

Det er lenge sidan eg fotograferte eit så stort arrangement, men eg har vorte godt kjent med både CrossFit og lokala til CrossFit Bryggen etter å ha teke bilete under CrossFit Games The Open og Colorful Thursday for litt sidan.​ Actionbileta frå sjølve treninga var eg ikkje så stressa for, det er trass alt den typen bilete eg føler eg har best kontroll på. Gruppebilete av 50 personar er imidlertid noko eg ikkje har gjort før, så det var ein stressfaktor. Lokala der vi skulle vere ligg i eit hamneområde, så det var ikkje nokon gode alternativ til bakgrunn, så bestemte meg for å ta det ute på ein open asfaltplass. Lyssettinga hadde eg minst tre alternative planar for, alt etter vær og naturleg ljos. På grunn av storleiken på arrangementet og mogeleg behov for mykje blits på gruppebiletet, fekk eg kona mi til å vere assistent for meg. Fyrste gong eg har hatt assistent, men var veldig glad for at Dalana vart med.

Arrangementet byrja med foredrag, og eg tok generelle bilete av både arrangørane, foredragshaldarane og publikum. Forsøkte så god eg kunne å fange stemninga, både med ansiktsuttrykk, posisjonering og utsnitt. Mellom anna sette eg meg blant publikum, og fotograferte over skuldra på dei foran meg. Var også litt freidig og stilte meg bak nokre av foredragshaldarane, slik at eg fekk nokre bilete frå deira perspektiv.​ Ljoset i lokalet er elendig, men vi fekk heldigvis mykje lys inn gjennom store vindauge på eine sida av lokala.

Restauranten Sumo hadde sponsa arrangementet med mat, og under matpausen tok eg nokre bilete som eg håpa dei kunne bruke. På grunn av det dårlege ljoset i lokala, brukte eg ein blits som assistenten min sikta inn i eit hjørne med kvite veggar for å få mest mogeleg jamt ljos. Synest det funka fint.

Sjølve treningsøkta foregjekk fyrst ute, og så inne. Eg målte ljoset på førehand, og hadde bestemt meg for kva eksponering eg skulle ha både utandørs og innandørs.​

Til slutt var det gruppebiletet. Heldigvis var det naturlege ljoset veldig bra. Sola sto relativt lågt, gøymt bak eit tynt skydekke. Med 50 slitne og svoltne jenter, bestemte eg meg for å gjere gruppebiletet kjapt og greitt, utan nokon form for blits. Det vart litt mysing, men det fekk berre vere. Alternativet var å stille dei andre vegen, og smelle av ein diger blits, men det hadde teke for lang tid. Å få 50 personar til å sjå bra ut samstundes trug eg må vere bortimot umogeleg, men er elles godt fornøgd, også med gruppebiletet.​

Jentene var fantastiske å jobbe med, og eg gledar meg allerede til neste års samling.​ Alle bileta kan sjåast på Facebooksida til UREDD.