Musklar i europaklasse

Kosttilskotsprodusenten BMR kontakta meg i førre månad fordi dei ynskte å få teke nokre bilete av Thomas Chr Askeland, som vann sølv i EM i kroppsbygging i mai.

Vi hadde ein veldig hyggjeleg fotoshoot på CrossFit Bryggen i Bergen, og eg må seie at eg vart utruleg imponert over fysikken til Thomas! Sølvmedalja var vel fortent, så vidt eg kunne bedømme.

Lyssettinga prøvde eg å gjere så dramatisk så mogeleg, med stripboksar plassert ut på sidene og ein beautydish nesten direkte ovanfrå. Lyskjeldene eg valgte gjev god kontroll over spreiinga av ljoset, og plasseringa gjev skarpe overgangar mellom ljos og skugge for å framheve separasjonane i Thomas sin muskulatur.

Etterbehandlinga er prega av mykje kontrast, for å gje den røffe utsjånaden som er vanleg i denne typen bilete.

Eit veldig kjekt oppdrag, og eg håpar eg får sjansen til å ta fleire bilete av kropsbyggarar og fitnessutøvarar i framtida!

Uredd fotografering

Førre helg vart det arrangert samling på CrossFit Bryggen med foredrag og trening for jenter som trenar CrossFit. Arrangementet som er døypt "UREDD", var fullteikna med 50 deltakarar, og eg hadde fått i oppdrag å fotografere frå start til slutt. Dagen vart både kjekk og minnerik, og det vart nokre bilete.

Det er lenge sidan eg fotograferte eit så stort arrangement, men eg har vorte godt kjent med både CrossFit og lokala til CrossFit Bryggen etter å ha teke bilete under CrossFit Games The Open og Colorful Thursday for litt sidan. Actionbileta frå sjølve treninga var eg ikkje så stressa for, det er trass alt den typen bilete eg føler eg har best kontroll på. Gruppebilete av 50 personar er imidlertid noko eg ikkje har gjort før, så det var ein stressfaktor. Lokala der vi skulle vere ligg i eit hamneområde, så det var ikkje nokon gode alternativ til bakgrunn, så bestemte meg for å ta det ute på ein open asfaltplass. Lyssettinga hadde eg minst tre alternative planar for, alt etter vær og naturleg ljos. På grunn av storleiken på arrangementet og mogeleg behov for mykje blits på gruppebiletet, fekk eg kona mi til å vere assistent for meg. Fyrste gong eg har hatt assistent, men var veldig glad for at Dalana vart med.

Arrangementet byrja med foredrag, og eg tok generelle bilete av både arrangørane, foredragshaldarane og publikum. Forsøkte så god eg kunne å fange stemninga, både med ansiktsuttrykk, posisjonering og utsnitt. Mellom anna sette eg meg blant publikum, og fotograferte over skuldra på dei foran meg. Var også litt freidig og stilte meg bak nokre av foredragshaldarane, slik at eg fekk nokre bilete frå deira perspektiv. Ljoset i lokalet er elendig, men vi fekk heldigvis mykje lys inn gjennom store vindauge på eine sida av lokala.

Restauranten Sumo hadde sponsa arrangementet med mat, og under matpausen tok eg nokre bilete som eg håpa dei kunne bruke. På grunn av det dårlege ljoset i lokala, brukte eg ein blits som assistenten min sikta inn i eit hjørne med kvite veggar for å få mest mogeleg jamt ljos. Synest det funka fint.

Sjølve treningsøkta foregjekk fyrst ute, og så inne. Eg målte ljoset på førehand, og hadde bestemt meg for kva eksponering eg skulle ha både utandørs og innandørs.

Til slutt var det gruppebiletet. Heldigvis var det naturlege ljoset veldig bra. Sola sto relativt lågt, gøymt bak eit tynt skydekke. Med 50 slitne og svoltne jenter, bestemte eg meg for å gjere gruppebiletet kjapt og greitt, utan nokon form for blits. Det vart litt mysing, men det fekk berre vere. Alternativet var å stille dei andre vegen, og smelle av ein diger blits, men det hadde teke for lang tid. Å få 50 personar til å sjå bra ut samstundes trug eg må vere bortimot umogeleg, men er elles godt fornøgd, også med gruppebiletet.

Jentene var fantastiske å jobbe med, og eg gledar meg allerede til neste års samling. Alle bileta kan sjåast på Facebooksida til UREDD.

CrossFit-fotografering

For ei lita stund sidan byrja eg å trene CrossFit, og no tenkte eg det var på tide å ta med kameraet. CrossFit er ei treningsform med høg intensitet og varierte øvingar. I tillegg har det vorte ein eigen konkurranseidrett, og den gjevaste konkurransen er CrossFit Games. CrossFit Games er delt i tre stadier: The Open, The Regionals og The Games. I The Open kan kven som helst delta. Kvar veke i fem veker vert det annonsert ei økt sett saman av forskjellige øvingar. Dei som vil delta utfører økta der dei trenar til vanleg, og sender inn resultata sine på nett. Resultata må stadfestast av godkjende dommarar som har observert gjennomføringa di, eller du kan leggje ved ein video. Dei 60 beste i kvar region, vert invitert til The Regionals der dei møter konkurrentane sine mann mot mann og kvinne mot kvinne i kampen om ein plass i finalen som går av stabelen i USA. Eg tenkte at dette måtte vere det perfekte høvet til å få nokre gode bilete.

Utfordringane stod imidlertid på rekke og rad. Ljoset i lokalet er kort fortalt heilt elendig for foto. Ljosstoffrøyr i taket er einaste ljoskjelde inne i lokalet, og dei er i tillegg delvis blokkert av ventilasjonsanlegget. I tillegg vert det liten plass når 4-8 personar skal løfte vekter og hoppe rundt samstundes. Og på toppen var det eit visst tidspress. Fyrste økta gjekk ut på å gjere så mange repetisjonar av vektløftingsøvinga rykk og "burpees" i løpet av 17min. I mange tilfelle er 17min eit hav av tid, men i denne samanhengen vart det hektisk sidan det var så mange utøvarar i gang på ein gong.

Eg har lenge vore skeptisk til å bruke høg ISO på kameraet, men har opplevd så mange gonger at bileta mine er øydelagde fordi lukkertida har vore akkurat litt for lang, så no prioriterer eg alltid å få ei passeleg lukkertid. Så i det ljoset som var, var det berre å la støy vere støy og skru opp ISOen! I denne samanhengen vurderte eg det slik at eg ville trenge ei lukkertid på ca 1/1000s, med litt slingringsmonn, og enda faktisk opp med enkelte bilete med lukkertid 1/500s som også vart bra. Sidan eg visste at ljoset i lokalet er dårleg, tok eg berre med fastoptikk, sidan den gjev meg om lag 2 eksponeringsverdiar meir ljos enn den beste zoomoptikken min. Det gjev også autofokusen betre arbeidsvilkår. Eg målte ljoset i lokalet før økta starta, og sette kameraet i manuell modus for å få mest mogeleg konsistente eksponeringar. Med svart tak og kvite vegger, ville nok ljosmålaren i kameraet gjeve meg stor variasjon i eksponering. Tips her er å enten nytte ein handhalden ljosmålar, eller bruke ljosmålaren i kameraet til å måle mot hudtonar (handa di) eller eit gråkort. Ikkje mål mot ein kvit vegg eller eit svart golv.

Heldigvis vart det to gjennomkøyringar av økta på to forskjellige dagar. Fyrste gong var på kveldstid, og eg hadde berre ljoset i rommet. Dag to var tidlegare på dagen, og tilfeldigvis låg det eit kvitt cruiseskip til kai like ved lokalet vårt som virka som ein diger reflektor og sende massevis av ljos inn vindauga.

Bileta var tenkt brukt på Facebook for å gje utøvarane nokre kule bilete og minne av økta, så målet var å få dei til å sjå bra ut, og samstundes la dei gjenoppleve stemninga som var i lokalet. Og det var viktig å få bilete av samtlege som deltok. For å få fram det som faktisk hende, tenkte eg at det var viktig å få fram dynamikken i rørslene til utøvarane. Eg sjølv likar ikkje å bruke lange lukkertider for å få rørsleuskarpheit, sjølv om eg synest ein del panoreringsbilete er fantastisk gode. Difor ville eg fokusere på komposisjon og perspektiv i jobben med å få dynamiske bilete. I tillegg ville truleg ansiktsuttrykka fortele ein del.

Eg enda opp med å bruke eit 24mm-objektiv nesten heile tida, med nokre nærbilete med 50mm og 85mm, samt ovesiktsbilete med 14mm. Med ein gjeng som vi har på CrossFit Bryggen var det slett ikkje vanskeleg å finne gode motiv, og eg vart godt nøgd med fleire av bileta. I etterbehandlinga valgte eg å gjere dei fleste bileta svart-kvitt for å unngå heile problemet med kvitbalanse og fargestikk frå ljosrøyra. I staden for å stresse med støyredusering, valgte eg ei litt meir gritty RAW-framkalling. Lightroom-presetet eg laga meg kan lastast ned her. Resultata kan sjåast her:

Fotostory på 500px

Alle bileta på Facebook